English

Etablerar introduksjonskurs - 3. juni 2020 (Suldal)

Kurset er for etablerarar som nyleg har etablert eller som har ein plan om å etablere eiga bedrift. I løpet av tre timar gjennomgår vi grunnleggande element som er viktig i samband med etablering av eiga bedrift. Kurset er gratis.


Vil du starte ditt eige firma og verkeleggjere din idé? Vil du bli motivert til å ta tak i di framtid?

Du får nyttige og praktiske råd i samband med oppstart av eiga bedrift. Det vil bli anledning til å stille spørsmål.

Kurset vil mellom anna dreie seg om desse tema:

  • Selskapsform, aksjeselskap og enkeltpersonføretak blir utdjupe
  • Registrering av firma
  • Namn på føretaket – domenenamn - varemerke
  • Forretningsidé
  • Forretningsplan
  • Marknad
  • Nettverk
  • Verkemidlar
  • Kva kan Skape gjere for deg?

Praktisk informasjon:
Tid: kl. 16:00 – kl. 19:00, oppmøte kl. 15:45.
Stad: Suldal Vekst As, Sandsvegen 134, 4230 Sand
Påmeldingsfrist: 7 dagar før kursstart. 
Pris: Gratis 
Servering: kaffi, te og vann. 
Det vil bli lagt opp til minglepausar.

For meir informasjon kontakt:
Suzanne de Kok Selstad - mobil: 950 48 515 - suzanne.dk.selstad@skape.no
Rudolf Hansen – mobil: 974 67 981 - rudolf.hansen@skape.no
Ingrid Annette Kristiansen – mobil: 994 07 527 – ingrid.kristiansen@skape.no

Kursvilkår:
Er kurset eller seminaret gratis er det følgande vilkår: Tilboda våre er betalt av det offentlege, og er difor gratis for deg. Dersom du ikkje møter opp utan å melde frå til post@skape.no, minst 24 timer før kurset, ser vi oss nøydt til å fakturere deg kr. 300,-.

Påmeldingsskjema